Kinnaspelet Bergensbåten lørdag 20. juni

Bergensbåten tar deg dirkete til teateret ved havet! Ope hav og høg himmel, Kinnaklova og ei gammal steinkyrkje møter deg når du kjem til Kinn. Spelet: "Songen ved det store djup" vert fremført her av Teater Vestland, musikarar og 160 lokale amatørar og koristar

page view image
Dátum podujatia

Sobota 20 Jún 2026 08:00

Končí Sobota 20 Jún 2026 20:00
objednať

Ak máte promo kód, použite ho tu

Dostupné položky

ticket item
Vaksne
Billetten inkluderer båtreisa frå Bergen til Kinn Tur/Retur og Kinnaspelet.
ticket item
Barn
Billetten inkluderer båtreisa Bergen- Kinn TR og Kinnaspelet.
event image

Informácie o podujatí

Teaterstykket «Songen ved det store djup» handlar om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537, og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen eig no alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest må setjast inn. Bygdefolket er i gang med feiringa av Seljumannamesse, men når futen kjem går alt i stå. Dei har budd seg på å framføre sitt «lille kirkespill», og publikum får no bli med tilbake til 900-talet. Vi blir vitne til at den kristne prinsessa Sunniva frå Irland rømmer frå vikingkongen Ramn. Med følgjet sitt legg ho ut på havet og let vind og havstraumar råde. Båtane kjem frå kvarandre, og båten med søstera, Borni, driv i land på Kinn. Etter legenda er det ho som då fekk bygd kyrkja her. Orkester, kor og skodespelarar, profesjonelle og amatørar, fortel denne historia. Med storhavet, Kinnakyrkja og Kinnaklova som scenebilde blir dette ei unik oppleving.

Kinnaspelet vert arrangert på øya Kinn. Vi bed om at de møter på Strandkaiterminalen i Bergen i god tid før båten går klokka 0800. Det vert også stopp i Knarvik, Vardetangen og Krakhella på vegen. Frå kaia på Kinn og til speleplassen ved kyrkja er det om lag 15 minutt å gå. Spelet tek til klokka 1300 og varer litt over ein time. Spelet vert framført ute og det er viktig å ha med varme og vindtette klede. Det er mat å få kjøpt på Kinn.Dei som skal vere med båten vil få tilsendt ein mail med informasjon ei veke før spelet. Retur frå Kinn til Bergen 1700

Vyhlásenie

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Organizátor
Kinnaspelet