Konsert Line Dybedal
“Magiske tonar og sterke kjensler”, velkomen til ei stemingsfull konsertoppleving i vakre Kinnakyrkja. Med si varme og klåre stemme, akkompangnert av funklande tonar frå gitarist Mathias Marstrander, tek Line Dybedal oss med på ei reise fylt av stemning, nærleik og musikalsk magi med eigne tekstar der havet og naturen langs kysten stiller sterkt. I tillegg vil ho fremføre nokre salmar som høver i kyrkja på Kinn.

Musikken til Line har vore mykje spelt på både NRK P1 og P3, og hennar album har fått strålande kritikk – med terningkast 5 og 6 frå begeistra anmeldarar. I 2023 vart ho kåra til Årets artist under Luttprisen (NRK Sogn og Fjordane), der juryen hylla hennar sterke musikalske identitet og unike evne til å fange kjensler i musikken. Med hennar nære og ærlege tekstar, kombinert med ei stemme som varmar hjartet, inviterer Line Dybedal og vertskapsgruppa på Kinn deg til ei stemningsfull konsertoppleving i vakre omgjevnader i Kinn Kyrkje.
Line Dybedal kjem frå Selje.
Publikum som skal til Florø må nytte rutebåtane med avgang frå Florø 1135, 1420 og 1605.
Retur frå Kinn klokka 2035. Sjå skyss.no for info.
Flora turlag arrangerer tur til Søre Stauren med avgangen 1425. Då er det eigen turleiar med.
Det er opa kyrkje frå klokka 1230.
Det vert omvisning i kyrkja klokka 1530.
Arrangør er vertskapsgruppa på Kinn
Waiver
Billetter vert ikkje refundert.